Fisking
Gunnabuda har ei 15 fots plastjolle med 6hk påhengsmotor for utleige. Båten rommar inntil 4 vaksne personar og kan brukast på fjorden mellom øyane - ikkje ute på det opne havet.
Fiske frå båten er komfortabelt, det gir god rekreasjon og flotte naturopplevingar med på kjøpet! Er du heldig, kan du få godt med fisk ute på fjorden, f.eks. sei og makrell.
Båten blir alltid utleigd med redningsvestar til alle ombord.
Gunnabuda er registrert som turistfiskebedrift.