Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

noende

Havpadling - opplev kysten frå vannskorpa

Ute på Nordøyane, der landet sluttar og storhavet opnar seg, er det perfekte forhold for å oppleve fascinerande havpadling.

For oss er havpadling ikkje berre ein idrett for veltrente hardhausar.
Å oppleve naturen frå kajakk passar både for barn og for vaksne i alle aldersgrupper - berre du kan svømme og likar deg ute!
Kanskje du også får helse på sel eller nise frå kajakken din?!

Høyrest dette fristande ut?
Vi på Gunnabuda gjer vår del for at havpadling kan bli ei trygg og fantastisk oppleving for deg


Grunnkurs

bilde

Gunnabuda gjennomfører grunnkurs i havpadling. Kurset følgjer opplegget til Norges Padleforbund og gir eit solid grunnlag for trygg havpadling. Det passar både for nybyrjarar og den som ønskjer å bli tryggare. Kurset omfatter

  • litt teori om padling generelt
    (ulike typer padling, sikkerhet og generelle sikkerhetstiltak, forskjellige typer båt og utstyr, val av utstyr og klede)
  • grunnleggande praksis
    (tilpassing av kajakk og utstyr, inn og ut på det tørre og på vatnet, balanse og padleteknikk, kontrollert velt og ut av kajakken, "wet exit")
  • teori om havpadling (spesielle faremoment, forebyggende sikkerhetstiltak, klede, sikkerhetsutstyr, oversikt over redningsteknikkar, utstyr for turer)
  • praksis i havkajakk (avansert balansetrening og støttetak, styring med og uten ror, takle bølger og vind, eigenredning, kameratredning, turplanlegging og -gjennomføring)

Kurset går over 16 timar enten i løpet av fleire kveldar/ettermiddagar eller som 2-dagars kurs.

Sikkerhetstrening

bilde

Biletserien ovanfor viser såkalla "wet exit", klargjering av årepose og klatring tilbake i kajakken. Dette er ein av teknikkane de kan lære på vår sikkerhetstrening.

Er de ei gruppe som ønsker ei felles oppleving utanom det vanlige, så er sikkerhetstrening midt i blinken.
Sikkerhetstreninga er gøy for heile gruppa - her blir det mykje plasking (vi har våtdrakter)!
Dermed egner seg sikkerhetstreninga særs godt som ein lagbyggande aktivitet som utfyller ei faglig eller sosial samling.

Varighet: omlag 3 timer

Smaksprøve/førte turar

bilde

Avhengig av deltakarane sine ferdigheter gir vi ei kort innføring i kajakkpadling. Deretter ber det ut på Longva-fjorden. Etter dei første padletaka slepp spenninga taket og du begynner å slappe av ved å gli lydløst gjennom vatnet. Du løftar blikket og oppdagar ei ny verd rett frå vannskorpa. 
Har du lyst til å oppleve dette, men føler deg ikkje trygg åleine i ein smekker einmannskajakk?
-
Bli med i ein av våre stødige tomannskajakkar ilag med ein erfaren padlar!

Varighet: omlag 3 timer

Utleige

bilde

Til gjestar med padleerfaring leiger vi ut havkajakkar med utstyr. Padleerfaring forutset i det minste at leigeren beherskar dei grunnleggande padletaka, det å kome seg inn og ut av kajakken, det å kome seg ut av ein kajakk etter ein velt, og minst ein teknikk for kameratredning/berging. Dersom den nødvendige erfaringa ikkje kan dokumenterast (NPF-kurs, anna kurs hos kjent arrangør, loggbok over gjennomførte turar, osv.), forbeheld vi oss retten til å gjennomføre ein ferdighetstest før vi leiger ut kajakkar. Under ferdighetstesten skal ferdighetene visast, eller vi gir ei kort innføring i di viktigaste teknikkane. Padleområde avtaler vi på førehand avhengig av erfaring og ferdigheter, og i forhold til de aktuelle værforholda.

Kajakkene som vi leiger ut er fullverdige havkajakkar, både einmanns- og tomannskajakkar frå Prijon.

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn