Sauna
Prøv vår vedfyrte sauna og nyt utsikta over fjorden!
Det tek ca. 1 time å fyre opp saunaen - avtal tid, og vi kan fyre opp og gjere klar saunaen - deretter er det berre å nyte varmen og utsikta, og å fylle på med litt ved undervegs.
Det er god plass til inntil 5 personar i saunaen. Avslutt gjerne saunabesøket med eit forfriskande bad i fjorden.