Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

noende

Turar på Nordøyane 

bilde

Nordøyane er øyrekka nord for Ålesund, frå Godøya i sør til Ona i nord. Dei sørlegaste øyane ligg i Giske kommune, og har lenge hatt fastlandssamband med Ålesund.

Her vil vi ta for oss dei nordligaste av desse øyane - for her starta eit nytt kapittel med opning av
vart Nordøyvegen hausten 2022.

Dette har knytta øyane tettare saman enn før, og det gjer utflukter til naboøyane våre både raskt og enkelt - du kan no kome deg frå øy til øy med bil eller med buss. 

Haramsøya og Flemsøy/Skuløy

Øyane Haramsøya og Flemsøy/Skuløy (med Gunnabuda) har hatt brusamband i over 50 år og har tette band - det er desse øyane som tradisjonelt har vore nærområdet vårt. Les meir om turmål på desse øyane her.   

Lepsøya

Lepsøya er den sørlegaste av øyane. Frå fastlandet kjem du hit over Lepsøybrua. Skal du til Lepsøya frå Gunnabuda, må du først over brua til Haramsøya og derfrå gjennom tunnel og mindre bruer til Lepsøya. 

Her er fleire turmål: fjellet Goaldet (490 m), Rønstadhellaren, og ikkje minst "Eventyrskogen",  spesielt for familiar med barn.

Fjørtofta

Fjørtofta er no berre ein svipptur på 10 minutt frå Gunnabuda, gjennom Nogvafjordtunnelen. Øya er ganske flat, men kan friste med fine turar, spesielt ut mot havet. 

På Fjørtofta kan du mellom anna gå tur til Fjørtoftneset.

Harøya

Harøya er berre ein svipptur nordover frå Fjørtofta igjen, gjennom Fjørtoftfjordtunnelen. Her er det laga gode turvegar på fjellet, og utsikta er formidabel.

På Harøya kan vi anbefale fjelltur på Harøyburet eller ei rolig stund i vakre Morsundet.

Finnøya

Til Finnøya kjem du på ein smal bruveg frå nordspissen av Harøya. Her kan du finne mellom anna badeland med havutsikt og ferjekaia du må innom for å dra vidare nordover.

Frå ferjekaia på Finnøya går det ferje til dei små øyane Sandøya, Ona og Orta - og til større Gossa i Aukra. Dei små øyane er vel verdt eit besøk! Øyane Sandøya og Ona er små, så det er ingen grunn til å ta med bilen - og då er det gratis!

Sandøya

Ona

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn