Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

noende

Turmål på Flemsøya og Haramsøya

Flemsøy

Kartet til høgre viser Flemsøya og nokre fine turar og turmål på øya.

For å få med deg ei fantastisk utsikt langs kysten anbefaler vi ein tur til toppen av fjellet Skulen (492 meter). Raskaste veg opp frå Longva er den vegen som er merka T4 på kartet. Du startar då opp vegen til høgre for COOP-butikken ("3" på kartet), kryssar elva og går bratt oppover på ein fin sti til du er oppe på kanten. Derfrå er det best å ta turen langs "Stølshaugane" og opp til toppen - det er her du får den flotteste utsikta, og det er tørraste veg mot toppen!

Med sykkel anbefalar vi særleg ein tur til Sandvika på nordsida av øya. Der er det ei flott badestrand med kvit sand.

Du kan også fortsette turen forbi Sandvika inn til Støene: Husa som står her vart fråflytta på 1950-talet, men dei fleste vert no nytta som feriehus. Til Støene er det også flott å gå over "Halsane" - turveg T3. Du går her gjennom skogen og plutseleg opnar landskapet seg og du ser langt utover havet.

Vil du ta ein "mini-tur" som også er populær med små barn, anbefaler vi ein tur på Klepphaugen ("Kleppen" på kartet). Dette er ein avstikkar frå vegen mot Haramsøya, du får klatre opp på haugen og ser utover havet og mot Ulla Fyr.

Haramsøya

Du kan også ta turen til naboøya i sør, Haramsøya. Her finn du mellom anna Ulla Fyr - då må du køyre over brua og ta til høgre på grusvegen like etter brua. Du kan sykle/køyre nesten heilt fram, berre det aller siste stykket må du gå over ei gangbru og ut til fyret.

Spreke syklistar kan også ta turen over fjellet på Haramsøya - f.eks. bratt opp frå Ulla, over fjellet og ned igjen til Åkre.  På fjellet kjem du tett på dei 8 vindturbinane som utgjer vindkraftverket til Haram Kraft.

Vil du ta turen til Haram, er det her også flott å gå utover eit stykke frå der vegen sluttar. Her er det mellom anna ei flott rullesteinstrand og flott panoramautsikt ut mot Storholmen fyr. Det er ikkje anbefalt å gå heilt frå Haram til Ulla uten å ha med seg ein kjentmann.

bilde


Skulen

Flotte turar med utsikt i alle retningar

Sandvika

Flott strand med badeliv på varme sommardagar

Ulla Fyr

Populært turmål i all slags ver

Støene

bilde

Bygdeidyll der vegen sluttar

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn