Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

noende

Vikingtokt og -fest

Vikingbåten "Langvin" såg dagens lys på Bjørkedalen og kom til Gunnabuda i 2001. Han blei bygd av Jacob Helset som den ellevte av sitt slag og er av solide furuplankar. Vikingskipet er på 36 fot og veg om lag 1500 kilo. 

Båten er utstyrt med 10 årar og har plass til opp til 15 vikingar. Det bør vere med minst 4 roarar på ein tur med båten - vi stiller sjølvsagt med kaptein i tillegg.
Bli med i båten på fisketur eller på vikingtokt med strandhogg!

Vikingpakke

Vår "Vikingpakke" har blitt svært populær - denne tilbyr vi for grupper på minst 10 personar. Alle får utdelt "vikingdrakter" og får prøve seg på litt av kvart.

Vikingpakken består av:

  • tur med vikingskipet
  • bogeskyting
  • kubbspel
  • steiking av vikingbrød på bål


Bogeskyting

bilde

Kubbspel

bilde

Dette er eit vikingspel med trekubbar,
opprinneleg frå Gotland - vi instruerer i reglar undervegs.

Vikingbrød

bilde

Steik brød på takker over bål - oppskrifta på brøda er rekonstruert utfrå funn på ein vikingbuplass!

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn